Connect with us

Infra

1,3 milliardar kroner til forskingsinfrastruktur

Published

on

1,3 milliardar kroner til forskingsinfrastruktur

– No styrker vi infrastrukturen for forsking over heile landet. Denne milliardtildelinga er avgjerande for å at Noreg skal lykkast med omstilling, nyskaping og innovasjon. Sterk og moderne infrastruktur er ein stadig viktigare føresetnad for at norske forskings- og innovasjonsmiljø skal hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel  

Til saman skal Forskingsrådet fordele 1,3 milliardar kroner. Dei har innvilga 20 prosjekt som skal  etablere ny eller oppgradere etablert forskingsinfrastruktur. I tillegg får åtte forprosjekt midlar til å planlegge ny infrastruktur.  

– Norske forskingsmiljø, både i akademia og næringslivet, får på denne måten høve til å flytte forskingsfronten og styrkje konkurransekrafta med tilgang til dei beste laboratoria, utstyra og databasane. Vi er veldig glade for no å kunne setje desse pengane i arbeid, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. 

Pengar til utstyr for hjerneforsking, utvikling av medisinar, tungrekning og vindkraft 

Det er stort spenn i prosjekta som no får pengar, her er nokre eksempel:  

NTNU og Kavli-instituttet skal forbetre og utvikle deira leiande nevrovitskapelege teknologi og utstyr. Infrastrukturen blei etablert i 2012 og har blitt forbetra med jamne mellomrom. Han er unik både i Europa og i Noreg, og investeringane over tid har bidratt til høg vitskapeleg kvalitet og ein Nobelpris i 2014. No trengst oppgradering for å framleis kunne presse dei vitskapelege grensene og halde fram arbeidet med å omsetje nye funn til klinisk bruk. Nytt er mellom anna tenester for nevrovitskapeleg datadeling, som vil kople den norske infrastrukturen for hjerne- og hjernerelatert forsking til den europeiske. 

Oslo universitetssjukehus skal investere i ny infrastruktur for å utvikle medisinar basert på gen, vev eller celler. Dette er eit felt der Noreg har eit svært sterkt fagmiljø, men no trengs investeringar for å sikre at vi framleis kan ligge i front. Infrastrukturen skal gi akademia og industri tilgang til avanserte fasilitetar for å utvikle og produsere nye medisinar. Dette skal bidra til å skape betre samsvar mellom behova i forsking, næringsliv og helsetenestene. 

Sigma2 får støtte for å vidareutvikle sine tenester innanfor e-infrastruktur. Dei er ein nasjonal og generisk leverandør av tungrekning, arkivering og lagring, inkludert sensitiv data, med brei nasjonal interesse. Sigma2 sine tenester er avgjerande for all anna forskingsinfrastruktur i Noreg. Dei samarbeider tett med dei fire største universiteta i Noreg. Sigma2 har ansvaret for å skaffe, drifte og utvikle den nasjonale infrastrukturen. Dei er òg sentrale i det internasjonale samarbeidet om tungrekneressursar.  

Norges geotekniske institutt får støtte til infrastruktur for å fundamentere botnfaste og flytande vindturbinar, i tillegg til infrastruktur knytt til å samle inn data og gjere dei tilgjengelege. Dette er viktig for å lykkast med dei nasjonale ambisjonane om rask realisering av havvind. Det finst i dag ingen forskingsinfrastruktur på vind. Dette trengs – vindkraft er eit av de høgast politiske prioriterte områda innanfor norsk energiforsking. Å overvinne geotekniske og miljømessige utfordringar er avgjerande for å møte strenge kriterium for tryggleik, kostnadseffektivitet, berekraft og pålitelegheit. 

Slik er søknadene behandla 

Forskningsrådet lyser ut midlar til forskingsinfrastruktur annakvart år.   

I første runde av søknadsbehandlinga vurderer internasjonale fagekspertar i kva grad forskingsinfrastrukturane kan bidra til forsking av høg vitskapleg kvalitet. Vurderinga til fagekspertane er rådgivande for Forskingsrådets vidare behandling av søknadene. 

I andre runde vurderer Forskingsrådets administrasjon den nasjonale betydninga av infrastrukturane slik ho er definert i områdestrategiane i Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur og kva for ein strategisk relevans infrastrukturane har ut frå norske forskingsprioriteringar. 

Innstillinga blir lagd fram for Forskingsrådets porteføljestyre for forskingssystemet. Dei kvalitetssikrar søknadsbehandlinga og vedtek tildelinga. 

– Prosjekta som no får støtte har fått omfattande vurdering av  internasjonale fagekspertar. Prosessen er grundig gjennomgått av eit svært kompetent porteføljestyret. Vi er svært nøgde med at så mange gode infrastrukturar med stort strategisk potensial for norsk forsking no får finansiering frå Forskingsrådet, seier Sven Stafstrøm i porteføljestyret for forskingssystemet. Stafstrøm har lang erfaring frå feltet mellom anna som tidlegare generalsdirektør av Vetenskapsrådet i Sverige.  

Prosjekt som blir inviterte til forhandlingar 

Legg merke til at vi berre opplyser om beløpet kvart enkelt prosjekt har søkt om. Endeleg tildelt beløp blir avgjort i forhandlingar mellom Forskingsrådet og kvart enkelt konsortium, og vil i dei fleste tilfelle vere lågare enn beløpet det er søkt om. 

Søknader som gjeld etablering/oppgradering av forskingsinfrastrukturar 

Prosjekt 

Søkjarinstitusjonar 

 

Søkt beløp 

Norwegian Plant Phenotyping Platform (PheNo) 

NMBU, UiO, UiT, NIBIO, NTNU 

83 134 

ELIXIR4 – OpenLifeScience – Enabling Open Life Science in Norway

UiB, Veterinærinstitutt, UiO, UiT, NMBU, NTNU, FHI 

125 481 

E-INFRA 2023 – A National e-infrastructure for Science*

SIGMA2 AS, NTNU, UiB, UiO, UiT 

199 740 

Norwegian Infrastructure Platform for Foundation Technology Research in Offshore Wind 

NGI, AKVAPLAN-NIVA AS, OSLOMET, MARIN ENERGI TESTSENTER AS, NIVA, NTNU 

89 556 

ECCSEL-Enhancing Norwegian Capabilities 

SINTEF Energi AS, IFE, STIFTELSEN NORSAR, ECCSEL EUROPEAN RI CONSORTIUM, SINTEF AS, NTNU 

113 475 

Sustainable Processes Advancement from Norwegian Research: an integral Bio-, Thermo-, Electro- chemical effort (SUPRANO) 

SINTEF AS, RISE PFI AS, SINTEF ENERGI AS, NMBU, NTNU, NIBIO  

49 704 

Sustainable Transition for the Norwegian Infrastructure for Multiphase Flow 

IFE 

13 069 

EPOS-Norway – Research Infrastructure for Geohazards 

UiB, UiT, NGU, NORSAR 

123 244 

ATMP Norway. A multi-nodal infrastructure for Advanced Therapy Medicinal Products in Norway 

OUS, HELSE BERGEN HF, UiO 

74 218 

Norwegian Brain Initiative (NORBRAIN) – a large-scale infrastructure for 21st century neuroscience: Stage 4 

NTNU, UiO, UiB 

104 636 

Norwegian research infrastructure for web data 

NB, UiO, UiT, NR 

28 691 

Norwegian diachronic corpus 200–1814 

UiO, HØGSKOLEN I ØSTFOLD, UiB, NTNU 

22 900 

Infrastructure for Norwegian Earth System modelling phase 2 (INES2) 

NORCE, CICERO, MET.NO, NERSC, UiB, NILU, UiO 

128 129 

NORMAR-II Upgrade of the Ægir 6000 ROV-system 

UiB, HI 

67 157 

Integrated Carbon Observation System (ICOS) Norway and Ocean Thematic Centre (OTC), phase 3 

NORCE, NILU, NIBIO, NIVA, UiB, NPI, CICERO 

153 676 

The Norwegian Micro- and Nanofabrication Facility IV 

NTNU, USN, SINTEF AS, SINTEF DIGITAL, UiO  

191 700 

Swiss-Norwegian Beamlines (SNBL) at ESRF 2025-2028 

NTNU, UiB, UiO, IFE, UiS  

64 521 

NcNeutron-2 Norwegian Center for Neutron Research – phase 2 

IFE, UiO, NTNU, Paul Scherrer Institut, UiS, STIFTELSEN SINTEF 

33 500 

Norwegian Open Laboratory for High-Throughput Experimentation and Scale-up 

UiB, NTNU 

96 362 

Coordinated Online Panels for Research on Democracy and Governance 

UiB, NTNU, UiA, SIKT, UiS, INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING, UiO, UiT, NORCE, OSLOMET 

58 595 

*Inkluderer midler til nordisk Tier-1 for 2025 

Søknader som gjelder forprosjekt 

Forprosjekt 

Søkjarinstitusjonar 

Søkt beløp 

National proton therapy research infrastructure 

OUS, UiT, UiB, HVL, Helse Bergen, NTNU 

2 000 

Pre-Project for a National Rock Art Research Infrastructure (ImAge) 

UiB-museet, NTNU, UiS, UiO, VERDENSARVSENTER FOR BERGKUNST- ALTA MUSEUM IKS  

2 000 

Infrastructure for Sámi metadata enrichment and access to Sámi photographs and audiovisual collections 

Arkivverket, NB 

2 000 

Membrane Centre for Sustainable Water 

NMBU, NASJONALT SENTER FOR VANNINFRASTRUKTUR AS, NIVA, SINTEF AS, AQUATEAM COWI AS, NTNU 

1 800 

ESSENTIAL minerals and metals for sustainable and circular growth 

IFE, UiS, NMBU 

2 000 

Learning Analytics Infrastructure: Infrastructure for data-driven research and practice in higher education and workplace learning 

UiO, NTNU, UiB 

2 000 

Growing Up in Digital Europe – preparation in Norway (GUIDEPREP-NOR) 

NTNU, Dronning Mauds minne høgskole for barnehagelærerutdanning, UiS, FHI, UiB, Regionsenter for barn og unges psykiske helse, NTNU samfunnsforskning AS, Inst. For samfunnsforskning 

2 000 

Research infrastructure for technology-supported crisis management 

UiA, HINN, USN, NORD Universitet 

2 000 

Continue Reading